Saman for smartare og tryggare landbruk
	
	Agrilogg og El-watch har inngått eit samarbeid for å kunne tilby bonden ein smartare og tryggare kvardag.
	
	
	Pakken frå El-watch inneheld:
	
	- To temperatursensorar (luft- og overflate-temperatur)
- Ein open/lukka-sensor som kan brukast på dører, spjeld m.m.
- Ein datainnsamlar (gateway) som sender målingane på nett
	Du kan plassere sensorane der du sjølv ynskjer. Du får alle sensordata/-målingar frå sensorane i sanntid rett i Agrilogg - og dermed har du som bonde alt på ein stad.
	
	
	Eksempel på bruk:
	 
	
	- Oversikt og varsling av for høg temperatur på kjølerom
- Overvåkning og varsling av branntilløp (proaktiv)
- Overvåkning av ulike maskiner (feks foringsautomat)
- Oversikt over opne/lukka dører, spjeld o.l.
- Lys av/på, eller generelle lysforhold
