Infoskriv Mars 2020

Viktige fristar å merke seg!

15. mars: Søknadsfrist produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysning ved ferie og fritid - del 1

29. mars: Frist for å endre opplysningane i del 1. Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysning ved ferie og fritid - del 1

Gå til Landbruksdirektoratet sine sider

Importer buskapen frå Animalia/Storfekjøttkontrollen

Storfekjøttkontrollen

Importer dyra dine frå Storfekjøttkontrollen, rett inn i Agrilogg!

Visste du at du kan hente heile buskapen din frå Storfekjøttkontrollen til Agrilogg? Importen går i skrivande stund berre ein veg, frå Animalia og Agrilogg.

Dyra dine blir lagt rett inn i Agrilogg sitt storferegister og vil vere tilgjengelege i modulane Beiteslepp, Dyrehald og Brunstkalender.

Vi satsar vidare på integrasjon mot fleire dyreregister. Verdt å vente på! 😊

Ny selskapsstruktur og nytt orgnr - 924293438

I løpet av mars skjer det endringar i Agrilogg sin selskapsstruktur. Vi blir datterselskap under Axnes Holding AS og dette medfører at vi får nytt organisasjonsnummer. I denne samanhengen vil vi også skifte faktura- og rekneskapssystem - og bankkontonummer. Som brukarar vil de ikkje merke endringane. Eigarane vil vere dei same som før.

Grunnen til desse endringane er at vi no skal etablere oss i utlandet, og vi satsar på å starte opp i Sverige og Storbritannia dette året.

Du har kanskje lagt merke til at eit norsk flagg har dukka opp fleire stader i Agrilogg - dette er for å skilje mellom Agrilogg (Norge) og Agrilogg Sverige. Vår internasjonale side finn du her, denne vil fungere som eit knutepunkt mellom alle systema når dei er klare.

Statistikk og analyse

Statistikk rundballar pr daa

Eit eksempel på statistikk frå eigen gard samanlikna med gjennomsnittet for resten av heimfylket

Statistikk og analyse kjem som eigen modul og tilleggsteneste i Agrilogg i 2020. Her vil du f.eks kunne samanlikne eigne data i ulike modular med gjennomsnittet på region-/fylkesnivå. Vidare forholdet mellom innhausting (avling) og bruk av gjødsel, sprøytemiddel, osv, år for år. Dette blir spennande lesing og nyttig informasjon!

Eigenkontroll av elektriske anlegg og utstyr i landbruksbygg

I HMS-modulen har vi no fått inn eit nytt skjema: Eigenkontroll av elektriske anlegg og utstyr i landbruksbygg. Dette er viktig for å forebygge brann og for å passe på at alt er på stell. Her kan du enkelt legge inn avvik og fristar for når feil må rettast på. Kvar el-kontroll kan sjølvsagt takast ut/sendast i PDF-format om ein ønsker det.

For å ta i bruk skjemaet, velg ei bygning og gå gjennom dei 54 sjekkpunkta vi har henta rett frå KSL. Her hukar du av for at alt er OK, eller om noko må rettast på innan ein frist du sett sjølv. Om noko ikkje er aktuelt for ditt bygg eller di drift kan du huke av for det.

Med dette i Agrilogg får du no også dokumentasjon på elsikkerheita på garden din med deg rett i lomma. Enkelt!

Oppstartshjelp i Agrilogg

Tillegg

I modulen Tilleggstenester finn du no eit tilbod om oppstartshjelp i Agrilogg. Her kan du avtale eit telefon-/nettmøte med ein Agrilogg-ekspert og få ei innføring i systemet, samt hjelp/rettleiing til alt du lurer på. Du bestiller tid og betalar over nettet. Meir info kan du finne i sjølve modulen.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

Agrilogg på Facebook    Agrilogg på Instagram