Infoskriv oktober 2019

Viktige fristar å merke seg!

15. oktober: Søknadsfrist produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 2

29. oktober: Frist for å endre opplysningane i del 2. Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 2

Gå til Landbruksdirektoratet sine sider

Dyrehald i Agrilogg

Modulen Dyrehald kom i Agrilogg den 24. august 2019, og denne modulen inneheld 8 tema/aktivitetar:

(1) Fjøsaktivitetar og -tilsyn

Søylediagram fjøsaktivitetar

Oversikt over utført arbeid får du i rubrikken Oversikt / oppsummering

Her får du registrere det du gjer av aktivitet og tilsyn i fjøset. No som dei fleste av oss går med ei lita datamaskin i lomma, er det lett å gjere registreringane her og no! Når på dagen du legg inn dataene dine er opp til deg, men det som er så fint med denne aktiviteten er at du får full oversikt over kva som er gjort eller skal gjerast.

Dersom de har eit fleirbrukarabonnement kan du sjå kva dei andre har registrert av arbeid i fjøset, og du kan sende/motta SMS angåande oppgåver som må gjerast. Du kan også ta bilde og legge ved som dokumentasjon. Dette gir full oversikt og god kommunikasjon om arbeidet i fjøset.

(2 og 3) Medisinering/sjukdom og Vaksinasjon/snyltebehandling

Desse to aktivitetane er bygd opp likt. Hovudformålet er å loggføre medisinering, vaksinasjon og snyltebehandling av individ, dyregrupper eller av heile buskapen.

Når du går inn i medisinering eller vaksinasjon vil du kunne sjå historikk på alt som har vore gjort tidlegare. Du kan velje eit heilt år, eller ein og ein månad.

Griseunge

Skal du registrere ny medisinering eller vaksinasjon vel du +ny, og deretter:

Her er det lett å ha oversikt og kontroll på medisinering/vaksinering, og det likar vi!

(4) Helsekort

I helsekorta får du full oversikt over kva medisinering og vaksinasjonar som er gjort på buskapen. Du får helsekort på to nivå:

I helsekort buskap viser heile buskapen, men også det som er gjort med dei enkelte dyra. I helsekort individ kan du velge storfe, sau, geit eller hjort og dei registrerte enkeltindivida vil vere valgbare. Dei dyra som er utmelde vil også vise i nedtrekkslista med individ, under «utmeldt storfe/sau/geit/hjort», dette for å ha historikken på også utmelde dyr om det skulle dukke opp spørsmål. Full oversikt og kontroll!

(5) Utmelding av dyr

Telefonskjerm
Her får du melde ut individ som av ulike grunnar ikkje lenger er i buskapen. Du får registrert om det er slakt, nødslakt, rovdyrangrep, forsvinning frå beite, salg osv.

(6) Dyr på beite (oversikt)

Som overskrifta seier er dette ei oversikt. Her får du overblikk over kva dyr som er på dei ulike beita. Vi har lagt inn ein snarveg til beitemodulen, slik at dersom du er ute for å flytte dyr frå eit beite til eit anna er du få steg unna å få det gjort - ikkje berre på beitet, men også i Agrilogg!

(7) Sensorikk i fjøs (oversikt)

Agrilogg har samarbeid med El-watch, som har robuste trådlause sensorar som kan hjelpe deg å få oversikt over varme/kulde, lys/lufting, luftfuktigheit m.m.

Du registrerer sensorane dine og får ei grafisk framstilling over endringar som skjer i for eksempel temperatur inne på eit kjølelager. Dersom du ynskjer det, kan du få varsling om endringar som er utanfor dei grenseverdiane du har sett. Varslinga er oppringing til din telefon frå ein talerobot (eller du kan velje SMS-varsling). Smart å ha for sikkerheita sin del!

(8) Innstillingar

Under denne fana hakar du av dei dyreslaga du har på garden din, og har du sensorar kan du huke av for det også. Det du ikkje brukar treng du ikkje ha liggande framme i dagen, og det er dermed lettare å ha oversikt.


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

Agrilogg på Facebook    Agrilogg på Instagram