Berge samdrift: Månadens bondeprofil, november 2018

Fakta om Berge samdrift
Gjengen i Berge samdrift
Profilbilde: Berge samdrift

På bildet frå venstre: Ole-Martin Nordhagen, Marius Brekke, Adrian Sandvik Fiskaa, Marius Berge Sandvik, Simen Åsemyr, Håkon Brudevik, Thomas Thunem, Eivind Rekkedal, Jonas Grønvold, Per Berge og Stein Rusten Berge

Kvifor vart du bonde?

Bestefar min dreiv gard, eg har vakse opp her, og hadde tidleg ein draum om å verte bonde. Ja eg har eigentleg aldri ville vore noko anna, og angra ikkje! (Per Berge, «hovudbonden» i samdrifta).

Kva er det beste med å vere bonde?

– Det beste med å vere bonde er å kunne vere sin eigen sjef, og styre dagane sjølv. Det er eit veldig allsidig yrke, der ting sjeldan går som planlagd, noko som er litt av sjarmen!

Kva er dei største utfordringane i drifta dykkar?

– Dei største utfordingane er å få arbeidsoppgåvene til å stemme etter veret. Det er ofte planlagde oppgåver må utsetjast, men vi har lært oss å ikkje stresse så mykje. Også det å få nok tid til alt er ei utfordring, ofte tek ei oppgåve mykje lenger tid enn vi trudde på førehand. Men vi gjer vårt beste, det må vere godt nok.

Kva modular brukar de mest i Agrilogg?

– I samdrifta har vi totalt 39 gardar som vi driftar, og over 100 teigar totalt! Det seier seg sjølv at det er mykje å halde styr på. Med Agrilogg har vi betre kontroll, modular som slått, gjødsling, jord-bearbeiding og leigearbeid er uunnverlege. Også sprøyting, dokumentsamling og beiteslepp vert mykje brukt. Agrilogg gjer det enklare for oss å samkøyre drifta, i og med at alle som jobbar her kan registrere aktivitetar og ha tilgang til same verktøy og data. Vi er ikkje så glade i papirarbeid, så dette er midt i blinken for oss!

Har de ein kommentar, eller saknar de noko i Agrilogg?

- Vi hadde eit sakn ei tid tilbake, men det sa vi ifrå om til systemutviklaren i Agrilogg, då gjekk det ein halv dag så var det på plass! Såleis har også vi vore med å utvikla verktøyet.

Men er det ein ting til vi ynskjer, så er det timeregistrering for lettare føringa av arbeidstimane til dei som jobbar her. Det kan sjølvsagt førast under Leigearbeidar-modulen, men det vert litt uoversiktleg, og dessutan har då alle brukarar innsyn, så vert ikkje personleg nok etter vårt behov.

Bondeprofil: Berge samdrift

Berge Samdrift, sett frå lufta (foto: privat). Det skal nokre traktorar til, når ein driv stort! Massey Ferguson står høgt i kurs!

Bondeprofil: Berge samdrift

På bildet frå venstre: Per Berge, Thomas Thunem og Ole-Martin Nordhagen

Vi takkar for praten, og ynskjer Berge Samdrift lukke til vidare!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

Agrilogg på Facebook    Agrilogg på Instagram