Johannes Herheim: Månadens bondeprofil, mai 2019

Fakta om Moatre
Johannes Herheim
Profilbilde: Johannes Herheim

Johannes Herheim på tur saman med sin trufaste sauegjetar, bordercollien Liss på 2 år. -Ho er til veldig god hjelp, kan han slå fast!

Kvifor vart du bonde?

- Eg var den i syskenflokken som alltid har hatt størst interesse for garden vår. Det låg i korta at eg skulle drive den vidare, sjølv om eg har to eldre systrer. I 2016 overtok eg garden etter foreldra mine, og bygde ny driftsbygning. Bestemor bur også på garden, så her er tre generasjonar samla.

Garden har vore i familien i mange generasjonar. Eg synest det er kjekt å ta vare på og føre familiegarden vidare!

Kva er det beste med å vere bonde?

- Det beste med å vere bonde er å ha variert arbeid og alltid vere i aktivitet. Eg finn det spennande å sjå resultat av produksjonen, at eg får utvikle det eg har å jobbe med.

Her på garden driv vi med sau og hest, som eg synest er interessant. No om våren er smålamma komne i hopetal, og eg ventar i desse dagar to føl også. Det er fem hestar på garden, både fjording og dølahest. Avl og oppdrett av hest er spennande, hestane frå garden vert brukte til mykje forskjellig, til dømes utstilling, køyring, riding og arbeid.

Eg driv garden på deltid og har jobb på sida, for å få hjula til å gå rundt. Eg er utdanna elkraftsingeniør, og jobbar som drifts -og vedlikehaldsingeniør ved Haugaland Kraft, og har vedlikehaldsansvaret på straumnettet på Stord, avdeling nord. Eg skal ta til som ressurskoordinator i desse dagar, faktisk.

Kva er dei største utfordringane med å vere bonde?

- Det er nok alle krav om dokumentering og alle opplysningar som skal haldast styr på, som er den største utfordringa. Far min hadde stålkontroll på sin måte, men eg såg moglegheita i eit digitalt verktøy for å samle alt, og tok i bruk Agrilogg straks eg overtok garden. Det angrar eg slett ikkje på!

Kva modular brukar du mest i Agrilogg?

- Eg brukar dei aller fleste modulane, men dokument, notat og slått er modular eg brukar mykje. Også jordbearbeiding, gjødsling og vedlikehald av bygg og maskiner. Sistnevnte er unik! Under vedlikehald kan eg lagre alt av opplysningar på ei maskin, som gjer det mykje enklare ved til dømes sal av maskina.

Har du ein kommentar, eller er det noko du saknar i Agrilogg?

- Nei, er veldig fornøgd slik det er, og saknar ingenting. Agrilogg har hjelpt meg mykje i drifta, og er noko eg vil fortsette med.

Bondeprofil: Johannes Herheim

Moatre ligg i eit landbruksområde i Sauda kommune i Rogaland. Garden har vore i familien Herheim i generasjonar, og kan skrivast tilbake heilt til 1600-talet! Johannes Herheim forpaktar også to andre gardar i området, og til saman har han 75 mål dyrkamark

Vi i Agrilogg takkar Johannes Herheim for praten og ynskjer den unge, lovande bonden lykke til framover!


Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss

Prøv Agrilogg | Logg inn | Kontakt oss
©2016-2024 Agrilogg AS. All rights reserved
Agrilogg® is a registered trademark
Personvern (GDPR)

Agrilogg på Facebook    Agrilogg på Instagram